Vi trenger dommarar!

Postet av Helge Bjørke den 19. Aug 2025

Foto: Haugenfotball

Våre barne- og ungdomsfotballkampar som blir spelt i Førde blir dømt av våre eigne dommarar. Vi har mange ivrige klubbdommarar, men vi trenger fleire rekrutteringsdommarar.

Ein rekrutteringsdommar er ein dommar som dømmer ungdomsfotballen. 

Som fotballdommar blir du ein del av eit godt dommarmiljø, du får gratis utdanning og oppfølging og får betalt etter kor mykje du sjølv jobbar. Som kampleiar får du også god leiarerfaring, noko som kan vere fint å ha med seg vidare i arbeidslivet.

 Honorar

HD 11ar 15/17Kr 500,-
AD 11ar 15/17Kr 350,-
HD 9ar 13/14Kr 400,-
AD 9ar 13/14Kr 250,-

Om rekrutteringsdommarkurs

Kurset er steg to i dommerutdanningen, og bygger videre på klubbdommerkurset. Det er ein fordel at ein har erfaring som klubbdommar, men ikkje eit krav. Rekruttdommarkurset gir muligheit til å dømme 7er-, 9er- og 11er-fotball. Det er krav om oppmøte og gjennomføring av kursdelene samt bestått teoriprøve, for å få kurset godkjent.

Det er ingen øvre aldersgrense for å delta på rekruttdommarkurset. Me ønskjer alle frå 15 år (f.2010) og oppover velkomne!

Vil du bli dommar, meld deg her!

Har du spørsmål, ta kontakt med Helge Bjørke (hb@forde-fotball.no)