Åsen & Øvrelid Fotballakademi med ny vri

Postet av Helge Bjørke den 11. Sep 2025

Dei siste åra har vi tatt i mot 9-12 åringar til fotballakademi i Hafstadparken. Det har vore stor deltakelse frå heile Sunnfjord. Den suksessen fortsetter vi sjølvsagt med. I fjor endra vi oppstartstida for treningane til 17:30, nettopp for å nå spelarar utanfor Førde IL Fotball. Vi ynskjer å vera ein klubb som tilbyr ekstratilbud også til våre naboklubbar.

Åsen & Øvrelid Fotballakademi 9-12 år startar opp i haustferien. Tirsdag 7. oktober er det oppstart med ei dobbeltøkt i Hafstadparken. Etter det er det tilbud om to dagar fram til og med 10. desember. Kvar mandag og onsdag 17:30 - 19:00 tilbyr vi fotballaktivitet for 2013-2016 årgangen. 

Påmelding og meir informasjon finner du her: https://fotball.fordeidrettslag.no/next/p/83914/asen-og-ovrelid-fotballakademi

Ny utgåve - for dei minste

I haust lanserar vi eit nytt konsept. Vi vil gje spelarar fødd 2019-2017 eit tilbud. Frå og med  tirsdag 14. oktober til tirsdag 2. desember vil vi tilby fotballaktivitet for ei ny gruppe spelarar. Hensikten er å gje denne målgruppa litt meir aktivitet i ein roleg fotball-periode. 

Dette tilbudet er for spelarar i Førde IL Fotball. Vi vil ha treningar ei gong i veka, på tirsdagar 16:15 til 17:30, i Hafstadparken.

Påmelding og meir informasjon finner du her: https://fotball.fordeidrettslag.no/next/p/94626/asen-og-overlid-fotballakademi-mini