Veteran-NM 2018

Postet av Frank Tangen den 12. Feb 2018

Opp som ein hjort og ned som ein lort. Det er stort sett oppsummeringa av årets veteran-NM for Ove og underteikna.

Etter serie 1 leia me dobbel og låg på 3. plass i kvar vår singelklasse. Etter serie 2 leia me framleis dobbel, Ove var framleis nr. 3 og eg rykka ned til 4. plass i singel. Etter serie 3 (halvgått løp) var me på 3. plass i dobbel, Ove nr. 8 og eg nr. 10 i singel. Så gjekk det som sagt utfor bakke i 100 før me landa på 11. plass i dobbel og med kvar vår 25. plass i singel. Og det etter at me hadde eige kurs i banelesing rett før turneringa!!!


Totalt sett er ikkje resultata så dårlege med 197,8 i snitt på Ove og 196,3 på meg, men med ein slik kanonstart så vert ein likevel skuffa.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Frank Tangen