Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet - oppdatering av handlingsprogrammet

Postet av Erlend Andersen den 17. Feb 2016

Ørsta kommune skal oppdatere handlingsprogrammet (kap. 10.2) i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet.

Kommunedelplanen og handlingsprogrammet er med på å styre godkjenning og prioritering av søknader om tilskot frå spelemidlane. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av anleggsplanar kan berre godkjennast dersom anlegget er med i handlingsprogrammet.

Organisasjonar, lag og privatpersonar kan kome med innspel til tiltak eller anlegg som er retta mot idrett og fysisk aktivitet, og som kan takast inn i handlingsprogrammet (pkt. 10.2). Dette er ikkje hovudrullering av planen, som vart vedteken i 2013 og gjeld vidare.

Frist for å kome med innspel er 20. mars 2016, og kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Rådhuset, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Tilleggsinfo:

Når framlegg til oppdatering av handlingsprogrammet i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet skal handsamast vidare, trengst det omtale av aktuelle planar.

Då høyrer det også med nokre opplysningar om t.d. mål/lengde/storleik, type anlegg, oppstart/framdriftsplan, kanskje litt om grovkalkyle og kven som skal vere prosjekteigar.

Anlegg som skal inn i handlingsprogrammet må kunne omtalast kvar for seg slik at det også i politisk samanheng vert forståing for det nye. Då kan det skrivast ei best mogleg sak til vidare handsaming, - i samråd med Ørsta idrettsråd.

Helsing

Jostein O. Mo (kulturrådgjevar)

Tlf. 906 30 894



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.