Årsfest 2025 - Herleg avslutning av sesongen

Postet av Inger Lise Vereide den 30. Mai 2025

Onsdag 21. mai inviterte klubben alle spelarar, trenarar, lagleiarar, sponsorar, styre og stell til årsfest på Gloppen Hotell. Det vart ein strålande kveld med over 100 oppmøtte og høg stemning.

På programmet stod alt frå oppsummering av sesongen, utdeling av innsatsprisar og andre merksemder, quiz, bildekavalkader, rikelig med deilig pizza og generelt sosialt samver. 

Tusen takk til Gloppen Hotell for formidabel oppvartning! Dette set vi enormt stor pris på, og det er svært viktig at vi gir tilbake til dei uvurderlege sponsorane våre også! 

Årsfesten markerte avslutninga for sesongen 2024/2025, så no ser vi fram til ny sesong frå hausten av.

Riktig god sommar! 

Svært godt oppmøte og god stemning på hotellet under årsfesten.Dei oppmøtte av dei dyktie trenarane våre for sesongenØystein Sundal og Arvid Gimmestad har kontroll på statistikken.



Ørjan Sundal fekk utmerking for å ha runda 200 spelte kampar for GHK. Sindre Fjellestad for passerte 50 kampar. 

Arvid Gimmestad og Øystein Sundal har full kontroll på statistikken, og delte ut prisane. Dei fekk takk for innsatsen sin. 

Innsatsprisen for J14 gjekk til Louise Fjellestad

Innsatsprisen for G14 gjekk til Sivert Gloppestad

Innsatsprisen for J15 gjekk til Jenny Langeteig

Innsatsprisen for J16 gjekk til Marthe Paulen

Innsatsprisen for G16 gjekk til Ola Almenning Ravnestad

Innsatsprisen for TH-laget gjekk til Una Ingeborg Gaasemyr Lunda

Innsatsprisen for herrelaget gjekk til Håvard Kvalsvik Haugen

Innsatsprisen for damelaget gjekk til Marie Hjelmeset

Årets nykommarar på TH-laget




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.