3 gonger pallplass for volleyballjentene i Kristiansand

Postet av Danhuy Tran den 31. Mar 2025

IL Sand sine volleyballjenter har denne helga vore i aksjon i Kristiansand, i den siste serieturneringa denne sesongen. Dei tre Sandslaga som deltok, reiste heim med kvar sin pallplass.

Bronse i turneringa og sølv i serien for jentene i u-17

Først ute var turneringa for u -17, som gjekk av stabelen på laurdagen. IL Sand stilte både med u-17 laget og IL Sand Makalaust, som til vanleg speler u-15.

Etter gode innleiande kampar tok u-17 laget seg til slutt til bronsefinale mot Gjesdal IL. Kampen var jamn, men IL Sand sine jenter drog i land seieren.

IL Sand Makalaust møtte motstand tidleg i turneringa og spelte seg til ein tiande plass av totalt 12 lag. Med seg i sekken fekk dei verdifull kamperfaring.

Krona siste turnering med gull

Om IL Sand Makalaust møtte motstand på laurdagen, kan ein kort fortalt seie at det var Makalaust som stod for motstanden på søndagen. Dei gjorde reint bord og vann alle sine kampar 2-0. I både innleiande kampar og kvartfinalen vann dei komfortabelt. I semifinale og finale møtte dei henholdsvis KFUM Stavanger og Gjesdal IL. Begge kampane vart jamne og jentene spelte volleyball på høgt nivå. Til slutt kunne altså IL Sand Makalaust toppa ei hektisk volleyballhelg med gull! Totalt i serien hamna Makalaust på ein flott 3. plass denne sesongen.

Sølvplass til IL Sand Strålande

Ettersom det totalt sett er 39 lag som har delteke i u-15 serien for jenter, er turneringane delt i nivå 1 og 2. Dei yngste Sandsjentene spelte på nivå 2, som er for dei med litt mindre volleyballerfaring. Jentene viste i dei innleiande kampane at dei også var gira på å visa att i turneringa, og vart gruppevinnar etter tre av tre moglege seirar. Når dei i tillegg vann semifinalen, var det duka for finale mot Hinna IL. Etter å ha vunne det første settet, vart Hinna litt for sterke og vann til slutt 2-1.

IL Sand Strålande hamna med det på ein 13. plass i serien denne sesongen.

Avsluttar innandørssesongen med NM i Oslo

Sjølv om turneringane i Kristiansand var avslutninga på serien innandørs, er det framleis eit siste kapittel som står att; nemleg Norgesmeisterskap for u-15. Under dette høgdepunktet er det Makalaust som skal representera IL Sand. NM går av stabelen 28.-30. mars.

Byter ut parketten med sand

Sjølv om sesongen for innandørs volleyball går mot slutten, minkar ikkje volleyballaktiviteten i idrettslaget på Sand. Underlaget blir berre byta ut, frå parkett til sand. Det er eigen ungdomsserie for sandvolleyball, og mange av jentene ser fram til å halda fram spelinga under open himmel i sommarmånadane.

Elin Mikkelsen Bakka

IL Sand


IL Sand u-17:

Bak frå venstre: Oda Aurstad Hustveit, Olina Jørgensen Nærheim, Nora Herabakka Tveiten, Kristine Husebø Eikesaas og Julie Mikkelsen Laugaland. Framme frå venstre: Donata Ngabire, Therese Østebø, Ruth Solomon og Liva Solbakken.

IL Sand Makalaust:

Bak frå venstre: Henriette Marvik Hølland, Vilde Brekke Nevøy, Ariel Sagsveen-Ollila, Lillie Love Johnsen Barka, Ruth Solomon, Donata Ngabire, Therese Østebø. Framme frå venstre: Runa Benninghoff, Guro Søraas-Vasshus, Mariam Habeeb og Olina Jørgensen Nærheim.

IL Sand Strålande:

Bak frå venstre: Riham Amar Suleman, Vilde Hetland, Ane Mikkelsen Laugaland, Vilje Stenevik Lauvås og Elida Natland Brommeland. Framme frå venstre: Marharita Musulevska, Hannah Soffe, Emilie Hoftun Helgeland og Ida Solbakken

Foto: IL Sand


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.